Psykolosjen.no

Leif Edward Ottesen Kennair



Det var so pass tilfeldig at eg hamna her, at eg måtte bomma fyrst for å treffa

Leif Edward er psykolog og forskar. Han er fyrsteamanuensis i evolusjonspsykologi og avtroppande leiar for Psykologisk institutt ved NTNU. Etter fullført psykolog-utdanning i Bergen, tok han ein doktorgrad i bartebyen. Han praktiserer som kognitiv terapeut og rettleiar og er spesialist i klinisk vaksenpsykologi. Kennair er ein engasjert psykolog med glimt i blikket, som trivst i rampelyset. Han har skrive fleire bøker og er bidragsytar eller medforsattar i ei rekkje andre publikasjonar, og har fleire gongar deltatt i ulike TV-debattar, blant anna på Fyrst & Sist.



1. Kan du fortelja litt om bakgrunnen din?

Eg starta med å studera data, men eg vart sitjande på hybelen og grubla på kva eg eigentleg ville. Eg fann ut at eg ikkje var so interessert i maskiner, men heller mennesker. So då kom eg til å tenkje på psykologi, sidan det handlar om menneske. Det var so pass tilfeldig at eg hamna her, at eg måtte bomma fyrst for å treffa. Sidan eg starta på psykologi har eg hatt det kjempeartig. Det er her eg bør vera. Ingen ekle blodprøvar eller underlivssopp som legar må slita med, og litt unna data-maskinene. So det var starten. Eg hoppa av data-utdanninga og tok ex. phil medan eg var heime. Det var jo langt meir spennande med ex. phil enn data-faga. Eg vart litt betatt av tankane som var der. På naturfaglinja lærer du mykje konkret, med to strekar under svaret, og det var nettopp det motsette eg syntest var fascinerande.

Eg trur eg i løpet av alle seks åra kan telja talet på forelesningar eg har gått glipp av på to hender
Etter at eg starta på psykologi, studerte eg grunnfag i Bergen. Eg var totalt fengsla av emnet, og slukte all kunnskap. Eg syntest ikkje pensum var so artig, men det å gå på forelesingar var storarta. Eg trur eg i løpet av alle seks åra kan telja talet på forelesningar eg har gått glipp av på to hender. Eg kom inn på evolusjonspsykologi fordi eg ville samla faget under ein metateori. Eg kjøpte biologane sitt pensum om evolusjon, og begynte å lesa meg opp på det. Sakte, men sikkert, starta eg å finna fram til psykologibitar som var evolusjonært, men fekk eit stort slag i ansiktet når det viste seg at det allereie var noko som heitte evolusjonspsykologi! Det hadde ikkje me vorte undervist i. Hovudoppgåve-temaet mitt, «Kan ein nytta evolusjon til å forklara psykologi?», hadde allereie vorte besvart og svaret var ja. Eg endra oppgåva mi til å vera ein diskusjon om kontroversar rundt bruk av evolusjonsteori i psykologi, men det vart ei fin oppgåve til slutt.

Etter eg var ferdig utdanna, starta eg og jobba på poliklinikk på Nordfjordeid. Eg hadde eigentleg ein plan om at eg hadde lyst å undervisa og skriva. Eg kan jo sei at eg eigentleg hadde lyst å bli forfattar, men eg turte ikkje å satsa berre på skriving. Eg såg for meg at viss eg kunne kombinera det å jobba poliklinisk, å undervisa, og å forska/skriva, so var det ein perfekt kombinasjon.


2. Korleis ser ein vanleg kvardag på jobb ut for deg?

I jobben som instituttleiar kjem eg på jobb klokka 07.30. Då prøver eg å sjå igjennom so mykje mail som mogleg før dei andre kjem og møta begynner. Vidare er det møte til dagen tar slutt og eg vert henta av kona. So enkelt er det altså. Dagane mine består stort sett av møte, men eg har også ein pasient i løpet av veka. Eg prøver å vera terapeut i dei prosjekta som vert kjørt i klinikken. Akkurat no køyrer me eit metakognitivt-terapi-prosjekt for depresjon, som Odin Hjemdal og Roger Hagen styrer med. Dette er eg delaktig i for å halda meg litt varm. Eg driv ikkje med rettleiing no, av og til har eg litt rettleiing eksternt for psykologar og psykiaterer i spesialisering for å fremdeles halda meg varm som psykolog. So kvardagen som instituttleiar består hovudsakleg av møter.


3. Korleis stiller du deg til ulike formar for terapi?


Reinheit i metode er meir effektivt enn samanblanding
I Bergen, der eg er utdanna, var dei meir eklektisk. Dei blandar element frå ulike området for å skapa noko eige eller nye løysingar. I ekleksisismen tar du litt her og litt der, men basal psykoterapiforskning viser at dersom terapeuten har ei overbevisning er det betre enn at ein sausar saman ting. Reinheit i metode er meir effektivt enn samanblanding.

Eg er nok farga av ingeniørstudiebakgrunnen min, så eg har ei pragmatisk haldning til faget. Viss ein terapiform verkar, so treng eg ikkje vita kvifor det verkar. Viss metoden gjev resultat og ingenting anna virkar betre, so brukar eg den, og om det fungerer for meg også, so har eg i alle fall ingen grunn til å prøva noko anna. Eg har eit problem med kollegaer som skal tenkja seg fram til svaret sjølv, og må spekulera på kvifor, eller i alle høve ikkje følgja forskninga. Eg er stor tilhengjar av kognitiv terapi, det er ikkje det, men eg veit også at modellen har ein del feil, til dømes i forhold til korleis lidingar oppstår. Eg brukar altså kognitiv terapi fordi det virkar, ikkje fordi det er «best» eller «sant».


Bruk det som verker. So enkelt er det.
Eg har prøvd mange ulike ting, t.d. interpersonleg terapi i ein periode og narrativ terapi med nokre pasientar. Men viss nokon har ein fobi er det ingenting som er betre enn eksponering, og viss nokon har tvangshandlingar knytta til smitte er det ingenting som fungerer betre enn å dyppa hendene i do. Bruk det som verkar. So enkelt er det. Eg synest eksistensiell teori er mykje djupare enn kognitiv-åtferds-terapi teori, men det handlar ikkje om kva eg meiner er djupt eller kva eg likar å snakka om. Poenget er kva som verkar på pasienten som lid. Sånn vil det også vera om eg er sjuk og må på sjukehus for behandling. Kjem eg inn på sjukehuset med ei liding, so er eg ikkje fyrst og fremst opptatt av om legane veit korleis behandlinga verkar eller kva dei synest er i samsvar med deira menneskesyn eller noko slikt. Eg vil at dei skal gjera det som verkar best, og som dei kan.


4. Kva er dei beste og verste sidene med jobben din?

Det verste med jobben min no er alle møta. Det er mykje byråkrati, styring og regulering, og det finst eit regulativt for ditt og eit regulativ for datt. Eg er ikkje veldig byråkratisk. Eg er meir idealistisk. Det beste med jobben er det ein kan få utretta. Me har bygd opp faget på bakgrunn av evalueringane til studentane, noko som har vore veldig meiningsfylt. Eg tenkjer at alle studentane som engasjerer seg i faget sitt på ulike nivå, eigentleg bør ha litt lyst til å vera instituttleiar eller i leiinga på universitetet for å forma neste generasjon. Eg er stolt over det me har fått til på studiet.


Det å oppdaga engasjement, det å dela kunnskapen, det å kosa seg med faget er viktig
Viss eg ser på spørsmålet i forhold til det å vera psykolog, so synst eg noko av det artigaste er når du veit at det du gjer hjelper. Eg synest ein bør ha ein fobi-pasient i ny og ne slik at du har ein situasjon der pasienten kjem inn, de gjer noko saman, og pasienten går ut og er frisk. Det synst eg er storarta. Undervisning er også utruleg artig. Det å oppdaga engasjement, det å dela kunnskapen, det å kosa seg med faget er viktig. Det blir eg engasjert av! Det å møta att gamle studentar som seier at dei har lært noko av meg er også stas. Eg synst det er viktig å spre kunnskap om psykologi, det er derfor eg er i media. Det er ingenting som tirrar meg meir enn om folk seier at psykologi ikkje er ein vitskap. Da kjem pitbullen i meg fram!


5. Korleis påverkar jobben privatlivet ditt?

Eg snakkar ikkje mykje om psykologiske ting på fritida. Kona mi er også psykolog, og me kan ikkje driva å snakka psykologi heile tida. Det vert gjerne ein kort samtale i bilen på veg heim, men sjeldan noko meir. Dagleglivet tar jo over på ein måte, og so er det det som er viktig. Når ein fyrst er student vert det jo fort sånn at ein ikkje kan opna ei flaske raudvin utan at orda attribusjon og persepsjon vert brukt, for dette er nye ord, og det er veldig spennande. Eg tenkjer at det avtar, og at ein etterkvart forstår at det ikkje er lurt å sei at ein er psykolog i alle situasjonar. Viss ein nevner at ein er psykolog vil du kunna få informasjon som du ikkje burde ha lokka fram. Eg trur dei fleste som seier høgt på by’n at dei er psykolog vil hamna i etisk ubehagelege situasjonar! Ein bør heller ikkje vera psykolog i vennekretsen. I spesielle situasjonar må venner støtta venner, men då må ein vera bevist på om ein støttar som venn og ikkje psykolog. Det er sånn at viss den andre oppfattar deg som psykolog, so er du i etisk forstand psykolog. Det betyr at du då har tausheitsplikt om det som kjem fram.


6. Korleis har du utvikla deg som person og psykolog frå studielivet til no?

Eg trur eg var mykje meir spiss i kantane før. Eg er jo fremdeles forholdsvis ekstrovert, men eg var meir kranglete då eg var ung. Det er nok ganske vanleg at ein vert litt mildare med åra. Eg trur eg også er vorte meir diplomatisk med tida. Det er mykje kunnskap eg har no som eg ikkje hadde då eg var yngre, og eg trur det endrar korleis eg behandlar.



Eg trur eg var mykje meir spiss i kantane før

Eg har fylgt mange ulike manualar for behandling etter eg vart ferdig, so eg har eit større spekter av verktøy på den tekniske sida no, enn då eg var ferdigutdanna. Når det kjem til relasjonssida av timane mine trur eg dei er mindre forandra. Eg prøver fremdeles å nytta motivasjonssidene mine og stilla meg inn sånn at eg kan bruka humor. Dei to sidene dei trur eg er heilt stabile. Ekstroversjonen trur eg ikkje har tapt seg veldig mykje, men eg trur eg har vorte meir «agreeable» med tida. Det er eit vanskeleg spørsmål å svara på: Alle opplever jo større konstans enn det som eigentleg er.


7. Kva er dine framtidsplanar?

Eg tok jobben som instituttleiar for å endra profesjonsstudiet. Eg har fått til mykje der. Studiet er jo vorte omgjort til eit integrert seks-årig studium. Introduksjonsstudiet vårt er no eit årsstudium, ikkje berre ein sorteringsmekanisme der undervisninga er meiningslaus og ein vert testa med multiple choise utan at ein treng noko innsikt. Me har no ein bachelor med fullt opp med psykologi, og to gode masterløp. No vil eg tilbake til studentane og forskninga. Eg kjem nok ikkje til å fortsetja som instituttleidar. «Belønninga» mi i denne jobben er jo å sleppa undervisa, men det er jo det eg likar best!


Eg skal prøva å endra kvardagen min slik at det vert meir forskning og meir leik og moro med faget i staden for berre møte, møte, møte

Eg prøvde fyrste semester å halda fram med å undervisa, men det var for travelt til å rekkja begge delar. Eg skal prøva å endra kvardagen min slik at det vert meir forskning og meir leik og moro med faget i staden for berre møte, møte, møte. Eg ynskjer å bruka meir tid på å formidla faget, so eg tenkjer at folk kjem til å få sjå meg i media. Eg kjem til å skriva fleire bøker og fortsetja å forska vidare på på sex og angst. Eg tenkjer at når eg er ferdig her, so kjem klinikken til å få litt meir plass, studentane meir tid igjen, og at eg skriv meir enn eg har fått tid til når eg var sjef. Å undervisa, forska og skriva, det er jo dei tinga eg likar.


8. Kva råd ville du gitt kommande psykologstudentar?


Faget vårt er ein lidenskap. Dei menneska som me vert utdanna til å behandla, er ekte menneske, med ekte problem
Faget vårt er ein lidenskap. Dei menneska som me vert utdanna til å behandla, er ekte menneske, med ekte problem. Det er ikkje opp til deg og meg og synsa om kva som skal gjerast med dei. Det finst forskning på det. Denne forskninga gjer at me slepp å finna opp hjulet heile tida. Lær dykk metodane og teknikkane som virkar best for den pasientgruppa de jobbar med, og ikkje fall for freistinga og vera vag i metodebruken.


Ikkje sats på å skli gjennom, men ta studiet på alvor
I løpet av studiet oppfordrar eg dykk til å vera aktive. Engasjer dykk i forskninga som foregår her og lær meir enn berre det avgrensa pensumet. Ikkje sats på å skli gjennom, men ta studiet på alvor. All kunnskap de får med dykk i løpet av studietida vil hjelpa dykk den dagen de sit med den fyrste pasienten dykkar. Vidare kan det vera lurt å begynna å tenkja på hovudoppgåva allereie no. Start og fordjup deg, men ikkje tenk valet som bindande. Du treng ikkje vera trufast mot idèen, men begynn allerede no, fordi det heldt deg og hovudet ditt vakent. Kort fortalt: Ver bevist at faget er ein vitenskap. Ver bevist at me jobbar med ekte menneske som har ekte problem. Dette er ikkje ein leik.


Ekstraspørsmål:

Kan du fortelja litt om forskninga di på partnarval?

Eg må berre sei at det med partnarval og slikt er noko av det mest spennande i heile verda! Fyrste gong ein journalist ringte meg og spurte meg kva eg forska på, sa eg partnarval. Då begynte journalisten å le og sa: «Det er jo ikkje akkurat løysninga på kreftgåta eller energikrisa!" Det er det ikkje, men det er trass alt det viktigaste valet i livet ditt. Om du dør av kreft i 50-, 60-, eller 70-års alder, og har elska og reprodusert på vegen dit, er det frå eit evolusjonært perspektiv ikkje viktig. «Life will find a way», for å siteta Jurassic park.

So lenge det finst folk, vil dei velja partnar. Ein kan med stor presisjon definera kven som er mest attraktiv for kva. Det er jo ikkje noko hokus pokus, alt det der med at smaken er som baken er berre noko folk seier for å trøysta seg. Det er jo ikkje sant i det heile tatt. Kjenslene våre er kontekst-rasjonelle, dei har utvikla seg for å løysa bestemte problem. Me kan ikkje som art sitja her å furta over at Brad har Angelina eller at Angelina har Brad, det går jo ikkje, ikkje sant? Me må ha mekanismar som gjer at me akkurat der i augneblinken, enten i forelskinga eller orgasmen, tenkjer at akkurat den personen er verdas skjønnaste.


Korleis stiller du deg i debatten om kor vidt psykologtittelen berre skal brukast av kliniske psykologar?

No spør de om dei tinga som gjer at eg virkeleg vert engasjert i jobben min! Psykologtittelen har hjelpt oss som profesjon og gitt oss ein glimrande posisjon, og det er eg veldig veldig glad for, og det synst eg Norge skal vera fornøgd med. Historisk sett har nok vern av psykolog-tittelen vore noko av det luraste me har hatt for å få profesjon og kunnskap, og med det fått psykologrolla opp på det nivået det er i samfunnet i dag.


Me bør behalda det gode, men utan å setja i gang ein prosess med "oss-dei"-tenking
Norge er eit av dei landa verda der psykologar har best posisjon i lovverket. Me bør behalda det gode, men utan å setja i gang ein prosess med "oss-dei"-tenking, der medlemmer i psykologforeninga stemmer imot å ha masterane inn i foreninga. Viss me lagar inn-og-ut gruppeprosessar på instituttet eller på psykologforeninga, so er det ein «slippery slope» i retning at ein kan få eit tilbakeslag i neste runde. Om nokre år kjem det til å verta slik at det ikkje er ein einaste psykolog i leiinga på universiteta. Det kjem til å vera svært lita forståing for vår profesjon og klinikk-biten i den situasjonen, viss me ikkje viser forståelse for master-studentane no. Psykologforeininga kjem til å ha mykje mindre påverknad ovanfor psykologutdanninga og mykje meir psykologi kjem til å eksistera utanfor det som er i psykologforeininga og i psykologane si verd.

Ein ser at når psykologstudentar og psykologar driv vekk frå universiteta og vekk frå basalfaga vert dei mindre og mindre vitskaplege, noko som ikkje er heldig. Eg trur at viss me kvittar oss med våre kollegaer innan basaldisiplinane, heldt dei vekke frå foreininga, og flyttar oss vekk frå universitetsstillingane, so står me igjen med ein profesjon som er svært nær å verta ei kvakksalvarforeining, om eg skal spissformulera meg.

Eg meiner at masterstudentane våre er like viktige og like ønska som profesjonsstudentane våre. Det er ulikskapar i kor lang utdanninga er, kva slags fag ein skal ha, kor praktisk ein skal vera i utdanninga, kva type fag ein skal ha som følgje, men eg meiner at ulikskapar er ikkje det same som ulik verdi. Det ville vera heilt latterleg at eg, eller du, tar nokre kveldskurs i regi av psykologforeninga og so kan kalla oss organisasjonspsykolog, og bruka den tittelen, og vinna oppdrag mot dei som har hatt fem år med arb.org fag. Det vert urettferdig, og eg er veldig opptatt av rettferdigheit. Viss me kunne beskytta tittelen «klinisk psykolog», og latt masterstudentane kalla seg «organisasjonspsykolog» og liknande, trur eg ikkje me hadde tapt noko, men heller vunne noko.


Av Halldis Krossøy
Publisert 23.05.2013


Kennair på nettet:

Tenåringer trakasserer hverandre for å få sex (forskning.no)
Hva vet han om sexlivet for 2 millioner år siden? (Dagbladet)
Ein alfahann er ikkje ein alfahann (Aftenbladet)
Kjærlighetens laboratorium, ep. 1, med innslag av Kennair (NRK)
Blogginnlegg om arv/miljøpåvirkning fra foreldre, etter en episode av Hjernevask
Liste over vitenskapelige publikasjoner (ntnu.no)


Trykk her for flere intervjuer med ferdig utdannede psykologer!

Kommende arrangementer

Kategorier

Psykolosjen på Twitter

    Her kommer Tweets

Tilbakemeldinger?

Losjen vil gjerne høre fra deg hvis du er fornøyd, misfornøyd eller har forslag til noe vi kan arrangere - send oss en mail på psykolosjen@gmail.com!

Følg oss:

  • Facebook
  • Twitter