Psykolosjen.no

Tommy Mangerud




Tommy er psykologspesialist i klinisk voksen. Han er opptatt av vitenskap (dei store ting) og å aldri ha det kjedeleg (dei små ting).


Han har brei erfaring og har jobbar som psykologspesialist ved St. Olavs Hospital Østmarka, seksjonsleder og behandler i poliklinikken ved Stjørdal DPS, behandler i døgnavdeling ved Stjørdal DPS, arbeid med barn, voksne og familier ved Sykehuset i Namsos, i tillegg til å vera sjølvutnevnt podcast-junkie på fritida.




1. Kan du starta med å seia litt om deg sjølv og bakgrunnen din?

Etter utdanninga begynte eg direkte på spesialisering i klinisk voksen. Eg hadde hovudpraksis og min første jobb på sjukehuset i Namsos på BUP sin familieavdeling, der ein la inn heile familiar. Deretter jobba eg på vaksen allmennpsykiatrisk poliklinikk, og så på DPS i Stjørdal, først i poliklinikken som vanleg behandlar og så eit år i sengepost som del av spesialiseringa. Etter det jobba eg som leiar for den poliklinikken. Og no jobbar eg på akuttposten på Østmarka.


2. Korleis ser ein vanleg kvardag på jobb ut for deg?

No som eg jobbar i akuttpsykiatrien anar eg ikkje kva eg skal gjera når eg kjem på jobb fordi alle pasientane kan vera bytta ut sidan eg drog heim dagen før. Mykje av arbeidet mitt består av akuttvurderingar av pasientar som vert lagt inn i huj og hast, nokre gongar også mot sin vilje. Eg skal finna ut om dei er alvorleg sjuke og treng behandling vidare nokon plass, eller om dei berre treng å få roa seg ned og samla seg litt. Det er veldig kort liggjetid for dei pasientane som kjem til akuttposten, vanlegvis berre nokre dagar. Ein prøver å snakka med pasientane minst ein gong for dagen, nokre gongar fleire dersom ein treng meir utgreiing. Stundom treng ein reisa ned på St. Olavs for å ta røntgen av hovudet, ha samtale med pårørane som kjenner dei godt, e.l. I slike tilfelle er me tett på dei, men ellers har dei miljøarbeidarar rundt seg heile tida, døgnet rundt.


I akuttpost lærer ein seg å ta raske val

Det er stor forskjell på å jobba på denne måten samanlikna med vanleg poliklinikk, der ein gjerne ikkje ser pasienten kvar veke ein gong. I poliklinikkar kjem pasientane gjerne fordi dei sjølv ønskjer det. Det er i mykje større grad eit langvarig prosjekt der ein går mykje meir inn i djupna på problemet, og ein kan sjå utviklinga av behandlinga over tid. Når ein jobbar i akuttpost lærer ein seg å ta raske val og ein ser kontrasten til andre pasientar som ein t.d møter i poliklinikk. Når ein er på akutten vert ein i mykje mindre grad kjent med personane, men ein ser dei gjerne på eit tidspunkt i livet der dei er i veldig stor nød, så då er det også veldig tilfredstillande å kunna ta seg av dei og peika ut ein veg for korleis dei skal koma seg vidare. Sidan ein sjeldan høyrer frå desse pasientane etter utskriving, hender det ofte at ein lurer på korleis det har gått med dei.


3. Korleis kom du på at du ville verta psykolog?

Eg fann ut på vidaregåande at eg ville verta psykolog. Det var sikkert ein lengre prosess å koma fram til det valet enn eg har reflektert over, men eg hugsar godt at eg las Drømmetydning av Freud på vidaregåande. Eg har alltid vore interessert og nysgjerrig på folk, sjølv om det høyres veldig ut som ein klisjè. Etter å ha lese boka, fann eg ut at eg ville vita meir om psykologi, og tok eit psykologi valfag. Då eg var ferdig med vidaregåande, starta eg rett på grunnfag i psykologi her på NTNU.


4. Korleis stiller du deg til ulike formar for terapi?

Det er veldig naivt å tru at det berre er medisinar som har biverknader
Eg trur me både treng å forska meir og finna ut nøyaktig kva som verkar i terapi, fordi me ikkje har det så veldig tydeleg for oss. Me må også finna ut kva som er skadeleg i terapi. Det er veldig naivt å tru at det berre er medisinar som har biverknader, for det å snakka med nokon er ein intervensjon og kan ha negative konsekvensar. Med åra har eg vorte meir opptatt av å starta med kva pasienten sjølv tenkjer, trur og ønskjer, og ikkje minst kva som har fungert for dei før. Folk flest har prøvd så godt dei kan å løysa utfordringane i liva sine, og nokre gonger har det fungert, og andre gonger ikkje. Nokre gonger er det lettare å ty til metodar som har vist seg å ha meir effekt enn andre. Lid ein t.d av angst, er det lettare å ty til eksponeringsterapi enn om ein har ei liding som er meir komplisert. Då kan det vera vanskelegare å vita kva terapimetode som er mest effektiv.


Det er terapeuten som skal vera den fleksible, ikkje pasienten
Når det er sagt, har eg veldig tru på at ein ikkje skal gå inn i ein samtale utan å ha ein plan om kvar ein vil hen, og kva som er målet, og då kan ein benytta seg av terapimetodar som rammeverk for å styra prosessen. Ein kjenner til at meir strukturerte former for behandling ofte har betre effekt enn ikkje-strukturerte, slik at det at det å ha ein plan er ein ting som hjelper pasienten. Dersom pasienten ikkje meiner det ein gjer er rett, må ein kunna omstilla seg. Det er terapeuten som skal vera den fleksible, ikkje pasienten. Når ein har byrja i jobb, kan det vera nyttig å repetera ulike terapiformer. Det er først når ein har fått litt praktisk erfaring at dei teoretiske modellane gjev meining


5. Kunne du like gjerne gjort noko anna?

Eg vurderte å spesialisera meg innanfor nevropsykologi, fordi eg syntest biologi var det morosamaste faget. Testing er veldig interessant og gjerne den meir vitskapsnære biten av psykologien. Men eg likte ikkje å skriva rapportar, så då avskreiv eg det. Men eg angrar ikkje på vegen eg har valt, for eg har verdas beste jobb!


6. Kva vil du seia er det verste og beste med jobben din?

Det er utruleg gjevande å verta kjent med ulike menneske og deira historier. Psykolog-yrket gjev deg ein fridom til å gjera mykje variert arbeid, og eg har gjennom heile karrieren min undervist på høgskular og universitet. Når det kjem til kva som er verst, må eg faktisk tenkja meg om. Det gjer sjølvsagt litt vondt av og til når du ser folk i veldig stor nød og fortvilelse, og som ein ikkje greier å trøysta eller peika ut vegen til. Men i dei aller fleste tilfella finn ein ein veg.

Eg trur eg har hatt to kjedelege
dagar sidan eg begynte på jobb.
I akuttposten ser ein gjerne folk i djupare fortvilelse og større krise, men mange av dei kjem seg vidare, så det kan vera like tungt å vera i eit langvarig poliklinisk forløp der ein kjem veldig nært innpå pasienten og får vita mykje om breidda og fasettane av problema. Men eg vil likevel ikkje seia at det er noko stort problem. Eg trur eg har hatt to kjedelege dagar sidan eg begynte på jobb, og det har ikkje hatt noko med pasientane å gjera, men har vore kjedelege møte. Så det verste med jobben kan vera frustrasjonar om praktiske ting knytta til helsevesenet.


7. Kor mykje tid krev jobben din, og korleis synest du lønna samsvarer med arbeidsmengda?

Jobben min er frå åtte til halv fire, måndag til fredag. Det er mange som lurer på om psykologar tar med seg jobben heim, men eg har vore bevisst på at klokka halv fire, så er ikkje eg på jobb lenger. Eg synest det er fint å jobba i det offentlege helsevesenet både fordi eg har trua på at det er viktig at det offentlege har ansvar for folk si helse og fordi eg sett pris på å jobba saman med andre fagfolk. No når eg er spesialist synest eg lønningane samsvarer med arbeidsmengda. Når ein har vorte spesialist har ein brukbare lønningar, og det er alltids mogleg å jobba litt ekstra om ein har lyst. Men dersom det er lønna som er det viktigaste, så finst det heilt sikkert andre jobbar som er betre lønna, men eg trur ikkje det finst jobbar som er like interessante og gjevande.


8. Vil du seia at jobben påverkar privatlivet ditt?

Ja, den gjer jo sjølvsagt det, sjølv om eg først hadde lyst å seia nei, fordi eg trur det heller går motsatt retning ved at personlegdommen min er det som påverkar både privatliv og arbeidsliv. Det går stort sett fint å møta folk som privatperson utanfor jobben. Det verkar som om folk etterkvart enten har gått i terapi sjølv, kjenner nokon som har gått i terapi, eller kjenner nokon som er psykologar. Men stundom kan folk spørja om eg analyserer dei eller at dei byrjar å fortelje om problema sine. Då prøver eg å vera tydeleg på å setja grenser mellom arbeid å privatliv, utan at folk vert fornerma for det.


Ein positiv effekt av psykolog-yrket er at ein klarar betre å setja ting i perspektiv.

Elles må ein rekna med at ein i nokre tilfelle tar med seg heim hendelser og historiar frå jobben. Somme seier det er ein dårleg ting, og det synst eg er rart, som at ein er ein svak person. Hadde eg vore ein snikkar eller rørleggjar, og hadde eg hatt vondt i ryggen når eg kom heim frå jobben om dagen, hadde det vore heilt normalt utan at eg hadde tenkt at eg ein dårleg person på grunn av det. Når ein er psykolog eller terapaut, er det normalt at ein vert påverka av av det som skjer på jobben og tek det med seg heim. Men dersom du involverer deg så sterkt i pasientane at du får problem med å fungera på jobb, bør du enten skifta arbeid, eller få behandling. Ein positiv effekt av psykolog-yrket er at ein klarar betre å setja ting i perspektiv. Ein klarer å sjå kva som er bagatellar, og har betre kunnskap og innsikt til å takla stress.


9. Korleis har du utvikla deg som person sidan du begynte på studiet?

Sjølv om Freud meinte at personlegdommen var ferdigforma når ein vart vaksen, var nok studieåra dei viktigaste åra i forminga av min personlegdom. Dei folka eg studerte saman med og faga eg studerte var med å påverka meg mykje. Også i ettertid har eg vore heldig og fått jobbar der eg har fått utfordringar og prøvd ting eg gjerne ikkje hadde fått prøvd om eg hadde jobba andre plassar. Eg har funne meir ut av kva eg står for og meiner, og kva eg kan.

Dei viktigaste eigenskapane eg brukar som terapeut, hadde eg før eg starta
Det er ei veldig bratt læringskurve frå ein er ferdigutdanna og det første halve/heile året, men det er godt å koma igang etter at ein er ferdig med bøkene. Ein lærer jo veldig mykje om seg sjølv når ein lærer om menneske, og naturen og åtferda deira, og det har påverka korleis eg ser på meg sjølv også. Eg trur ikkje det har påverka min relasjon til andre, eg er nok mykje den eg alltid har vore. Sjølv om psykologyrket og -utdanninga har påverka meg, trur eg at dei viktigaste eigenskapane eg brukar som terapeut, hadde eg før eg starta.


10. Kva er framtidsplanane dine?

Eg har ingen spesielle planar, men jobben må vera spennande og morosam. Eg synest det er veldig kjekt å gjera ulike ting, så eg trur ikkje eg kjem til å halda fram med det same over lengre periodar. Kanskje eg kjem til å jobba med noko innanfor forskning ein gong i tida?


11. Kva råd ville du gitt kommande psykolog-studentar?

Psykologi er eit fag som ofte kan virka som det er mykje common sense i, og ein kan lett få eit feilaktig inntrykk av at dei tinga psykologar veit om menneske er noko også alle andre veit, men det er det ikkje. Folk veit eigentleg svært lite både om seg sjølv og andre menneske, og det ein lærer på studie er faktisk kunnskap om mennesket. Det er kjempeviktig å vera litt kritisk, både til faget og andre ting. Det er mykje i psykologien som ikkje treng vera tufta på fornuft. Ting som tilsynelatande ser ut som ein god idè, treng ikkje nødvendigvis å vera det, så ein bør å venja seg til å vera litt kritisk.

Lær ting som ikkje har direkte med psykologi å gjera
Vidare trur eg det er lurt å hugsa på at ein må lytta til pasientane, dei har god peiling på seg sjølv, så høyr kva dei fortel. Og elles: lær ting som ikkje har direkte med psykologi å gjera, les bøker, sjå filmar, les andre fag, lær deg ting om verda. Ein skal jo snakka med folk, og ein skal vita litt om korleis verda heng saman, fyrst og fremst inni hovudet på folk, men også litt elles også. Og: Prøv å ha det morosamt!


Av Halldis Krossøy
Publisert 13.03.2013


Lenker:

Tommy på Psykologibloggen: http://www.psykologibloggen.no/?author=4
Twitter: https://twitter.com/tommymangerud
Ytring på NRK.no: http://www.nrk.no/ytring/unnga-skyttergravskrig-1.8338317


Trykk her for flere intervjuer med ferdig utdannede psykologer!

Kommende arrangementer

Kategorier

Psykolosjen på Twitter

    Her kommer Tweets

Tilbakemeldinger?

Losjen vil gjerne høre fra deg hvis du er fornøyd, misfornøyd eller har forslag til noe vi kan arrangere - send oss en mail på psykolosjen@gmail.com!

Følg oss:

  • Facebook
  • Twitter